Røldal
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket


Verb

Svake verb

Dei svake verba kan me setja opp i seks klassar med desse bøyingsendingane:

1. kasta-klassen:
-a -ar -a -a

Slik bøyer ein kanskje dei fleste verba, f.eks.
takka takkar takka takka
kasta kastar kasta kasta


2. døma-klassen:
-a -er -de/-te -t

Etter dette mønsteret bøyer ein altså slik:
leva lever levde levt
spara sparer sparde spart
tapa taper tapte tapt

Verba i denne klassen som har konsonantane g, m, n, r eller v føre endinga, som altså i leva, enna, spara osv., får endinga -de i preteritum. Dersom verbet har ein av konsonantane k, p, s eller t føre endinga, blir preteritum laga med å leggja til -te: å øpa – øpte. Av verb som har konsonanten l framom endinga, får somme -de andre -te i preteritum: sjilde, målte.


3. greia-klassen:
-a -er -dde -tt

Altså:
bøya bøyer bøydde bøytt
nøya nøyer nøydde nøytt

Når desse verba får tillagt endingane -dde og -tt, blir diftongen framom kort. Typisk for verba i denne klassen er at dei har d eller diftong framom infinitivs-a-en: tøya, nøya.


4. meina-klassen:
-a -ar -de/-te -t

Desse verba liknar på kasta-klassen i notid og døma-klassen i fortid:
låva låvar låvde låft
tåla tålar tålte tålt

Her som i døma-klassen finst to endingar i preteritum alt etter kva konsonant som står framom endinga: tålte med -te og låvde med -de. Verba som følgjer denne klassen, er helst slike som har éin konsonant etter vokalen: låva, baka, laga osv.


5. telja-klassen:
-a -e *-de/*-te *-t

Her set me stjerne framom endingane i fortid, for det som først og fremst skil klassen frå døma-klassen, er at stammevokalen i verbet kan skifta:
velja vele valde valt
sømja søme somde somt

Notidsforma her skil seg òg frå notidsformene i døma-klassen ved at dei har ein annan tonegang; vele er uttalt med det me kallar tonem 1, mens leva i notid har tonem 2: ˊvele, ˋlever. Her som i døma-klassen bruker ein -te i preteritum etter visse konsonantar.


6. -klassen:
- -r -dde -tt

Verba som går etter denne klassen, har inga ending i infinitiv, og altså -r i notid:
tru trur trudde trutt
sy syr sydde sytt



Sterke verb

Dei sterke verba skil seg ut frå dei svake ved først og fremst å vera særprega av vokalskifte i stammen mellom bøyingsformene, som me ser f.eks. i farafereforfare. Her er vokalskiftet altså aeoa. Dessutan er det inga ending i preteritum (for), perfektum partisipp har endinga -e (fare), og i notid bruker ein tonem 1 (ˊfere) slik som i det svake verbet ˊvele, jf. ovafor. Dei sterke verba blir også delte inn i klassar, og då etter vokalskifta. Den vanlege inndelinga stiller me opp nedafor, men det er ein del mindre avvik innafor kvar klasse.

1. klasse (i – i – ei – e):
bita bite beit bete
slita slite sleit slete

2. klasse (o – y – au – å):
brota bryte braut bråte ’bryta’
sjota sjyte skaut skåte ’skyta’

3. klasse (i/e – i/e – a – o):
finna finne fann fonne
drikka drikke drakk droe
brenna brenne brant bronne
detta dette datt dotte

4. klasse (e – e – a – o):
bera bere bar bore
sjera sjere skar skore

5. klasse (e – e – a – e):
lesa lese las lese
drepa drepe drap drepe

6. klasse (a – e – o – a):
fara fere for fare
grava greve grov grave


Litt meir spesiell bøying har desse sterke verba:
be ber ba bee
je jeve gav jeve
stå står sto stie
slå slær slo slie
fær fekk finje

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)