Røldal
Ein liten grammatikk
Lydverket


Lydane

Vokalane i dialekten er dei vanlege a, e, i, o, u, y, æ, ø, å, ei, au og øy.

Konsonantane er dei vanlege me kjenner frå skriftmålet: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Dessutan har dialekten desse «tilleggskonsonantane»:

, , som er to lydar med j-klang. Dei blir uttalte med å pressa fremre delen av tunga mot ganen litt lenger fram enn der ein uttaler k og g, og så opna for lufta med ein liten “eksplosjon”. I fagspråket kallar me desse lydane for affrikatar. Dei svarar ofte til skrivemåten kj og gj i nynorsk: tena, bya 'tenkja, byggja'. Men desse to lydane vekslar også ofte med k og g i bøyinga av ord, og det blir kommentert under Substantiv.

, som ofte svarar til skrivemåten ng. Han blir uttalt med å pressa bakre delen av tunga mot ganen mens ein slepper lufta ut gjennom nasen. I fagspråket kallar me denne lyden for ein velar nasal.


Som dei fleste andre dialektane i Noreg har også dialekten i Røldal tonemforskjell, dvs. at det finst ordpar der tonegangen er den einaste tydingsskiljande faktoren:
ˊfaren (bestemt form eintal av far)
ˋfaren (bestemt form eintal av fare)

Rediger siden Skriv ut kommune (pdf) Skriv ut ordliste (pdf)