Fana
Forskjellar
Geografiske forskjellar
Sjå under Nokre særdrag om den sørlege varianten av fanadialekten. I Ytrebygda (fastlandet innanfor øyane i skipsleia til Sund) kan me finna innskotsvokal i notid av sterke verb (drikke, lęse) . Her er målet blitt påverka av sundmålet. Når det gjeld den yngre fanadialekten, har han store likskapar med bergensdialekten (sjå eiga skisse for dialekten i Bergen). Dette er ei utvikling dialekten i Fana ikkje er åleine om, men som me også kan finna i Arna, Laksevåg og Åsane (sjå eigne skisser for desse plassane). Fram til 1972 var Arna, Fana, Laksevåg og Åsane eigne kommunar, men frå og med då blei desse kommunane ein del av det såkalla Stor-Bergen, dvs. at dei høyrer til Bergen kommune. Desse fire nye delane av Bergen har hatt ei nokså samsvarande språkutvikling etter kommunesamanslåinga, og dei har alle fått bygdemåla sine påverka av bergensdialekten i stadig større grad. I tillegg er det fleire på desse plassane som snakkar ein høgstatusvariant av bergensdialekten, heilt utan restar av det gamle bygdemålet. Dette gjeld i særskild stor grad for Fana. I hovudfagsoppgåva Bruken av «finbergensk» blant ungdom i bydelen Fana (1995) finn Ida E. Jorem ut at sosiolekten «finbergensk» vert nytta av nærare ein tredjedel av Fana-ungdomen. Dette er ein noko høgare del enn elles i Bergen kommune. I Fana som elles i bergensområdet, er det fleire jenter enn gutar som nyttar «finbergensk». |