Eidfjord
Ein liten grammatikk
Bøyingsverket Substantiv
Hankjønn
Det dominerande bøyingsmønstret for hankjønnsorda blir vist nedafor. Ein del ord i denne gruppa endar på -e i oppslagsforma (krabbe), mens andre ikkje gjer det (arm). Me har difor plassert e-en i ein parentes.
Det vil seia at arm og krabbe blir bøygde slik:
Ei gruppe hankjønnsord har e i fleirtalsendingane:
Slik går m.a. bękk og sau, altså på denne måten:
Avvikande bøying frå dette i hankjønn finn ein f.eks. i:
På grunn av at endinga -en i foten står etter -t, kan ordet i bestemt form eintal få uttalen fotʼn, jf. Lydmønster. Det same ser me i føttʼna. Ein del ord som endar på den trykklette stavinga -ar, følgjer første bøyingsmønsteret, men dei får samandraging i fleirtal:
Hokjønn
Dei fleste sterke hokjønnsorda har dette bøyingsmønstret:
Dermed får orda bgd og skaol slik bøying:
Dei fleste svake hokjønnsorda har slik bøying:
Svært mange hokjønnsord følgjer eit anna mønster, som har vokalen a i fleirtal:
Slik bøying har f.eks. myr og ærig:
Desse orda har avvikande bøying frå dei to hovudmønstra i hokjønn:
Inkjekjønn
Inkjekjønnsorda har desse bøyingsmønstra:
Palatalisering
Palatalisering kallar me det at ord som bok heiter boæ, dag heiter dajen, ęg heiter ęnæ, og vęgg heiter vęen i bestemt form eintal. Ein k eller ein g framom endingane som blir nemnde nedafor, blir altså skifta ut med ein annan konsonant slik at k alltid blir skifta ut med (jf. bok), mens g blir bytt ut med etter kort vokal (jf. vęgg) og etter n (jf. ęg) og med j etter lang vokal (jf. dag). I substantiva skjer denne palataliseringa framom endinga i desse tilfella:
|