H O R D A N A M N

Brukarrettleiing
for nettsida Hordanamn


Innhald

Om nettsida

Nettlesar

Korleis nettsida er bygd opp

Eksempel på bruk

Første dømet: Finna alle stadene i Austevoll som heiter «Rindane».

Andre dømet: Finna alle stadene i Fana og Laksevåg med «vik» eller «våg» i namnet.

Detaljert dokumentasjon

Søkjeskjema

Vél kommune / kommunar

Fylla ut verdiar i søkjefelta (bortsett frå feltet for merknader)

Søkja på fleire verdiar

Søkja på verdiar med fleire ord

Fylla ut verdiar i feltet for merknader

Søkjeresultat

Sjå på namn i kartet

Sjå eitt namn om gongen

Sjå alle namna

Sjå på namn i resultatlista

Kopling mellom kartet og resultatlista

Visa framsøkte namn i kartet

Info-bobler

Finna alle namna i kartruta

Kartfeltet

Panorering

Zooma inn

Zooma ut

Kartet

Namn som er trykte på kartet

Lyd

Fargar og typografi i resultatlista, detalj-ruta og info-bobla

Dei enkelte felta i søkjeskjemaet (databasen)

Stadnamn - normert form

Stadnamn - oppskrivaren si form

Stadnamn - alternativ form

"Uttaleform"

Ord i merknader

ID-nummer

Objektnummer

Kartnummer

Kommunenummer

Kommunenamn

Gardsnummer

Gardsnamn

Informant

Oppskrivar


Hordanamn

Hordanamn er ei kartside som gjer det mogleg å søkja på stadnamnformer og tilhøyrande lydfiler frå Hordaland.

Så langt er det lagt ut namneopplysningar frå kommunane Askøy, Austevoll, Austrheim, delar av Bergen (Arna, Fana, Laksevåg og Åsane), Bømlo, Fedje, Fjell, Granvin, Kvam, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Samnanger, Stord, Sund, Tysnes, Ullensvang og Øygarden. Det finst lydfiler for alle kommunane, unnateke Askøy og Laksevåg.

Nettlesar

Hordanamn fungerer generelt betre i Firefox enn Internet Explorer. I Internet Explorer er lyden dårleg somme gonger. Men det hjelper å spela han på nytt. I andre nettlesarar fungerer ikkje lyden.

Korleis nettsida er bygd opp

Søkjesida til Hordanamn består grovt sett av tre delar. I venstre delen kan du gjera søk. I midten blir søkjeresultatet vist på kart, og til høgre blir søkjeresultatet vist som ei liste.

Her er fleire verktøy som du kan nytta når du skal søkja. Sjølve søkjeskjemaet står øvst, på gul botn, med ein Søk-knapp.

Nedst til venstre finst ei lenke til hjelpeteksten som du no les. Der står det òg opplysningar om kven som står bak nettstaden og korleis dei kan kontaktast.

Nedst i midten, under kartet, kan du sjå kor mange funn søket har gitt. Viss søkjeresultatet er stort (meir enn 300 funn), står det her lenker til resten av resultatet.

Nedst til høgre, under resultatlista, står det ei rute som kan visa detaljar om det enkelte funnet.


Eksempel på bruk

Me trur du enklast lærer å bruka systemet gjennom å følgja eit par eksempel.

Første dømet:
Finna alle stadene i Austevoll som heiter «Rindane».

Vel Austevoll i listeboksen med kommunar.

Skriv rindane i feltet for normert form av stadnamn. Det spelar ingen rolle om du brukar små eller store bokstavar.

Kryss av for eksakt lik i radioknappane etter feltet, for ikkje å få med namn der «rindane» berre er ein del av namnet, som for eksempel «Fjellrindane» og «Austre Rindane».

Klikk knappen Søk, og vent på resultatet.

Dei stadene som blir funne, blir viste med markørar i kartet. Systemet zoomar automatisk inn til det området der stadene ligg.

Samtidig kjem det fram ei resultatliste til høgre på skjermen. I lista står det litt opplysningar for kvart namn, men ikkje så mykje.

No kan du sjølv klara å gjera enkle søk. Men les gjerne vidare. Då lærer du bl.a. meir om korleis funna blir viste i kartet og i resultatlista.

Hald musa over ein markør i kartet. Markøren blir raud, og namnet kjem til syne nær markøren. Samtidig lyser namnet opp i resultatlista.

Klikk på markøren. Då blir lydfila spelt av, og fleire detaljar om staden kjem til syne i ruta under resultatlista.

Før musa over resultatlista. For kvart namn musa passerer over, lyser namnet opp, og den tilsvarande markøren i kartet blir raud (så sant ikkje markørane står så tett at dei gøymer seg bakom kvarandre, eller du har panorert kartet slik at markøren ligg utanfor kanten).

Klikk på eit namn i resultatlista. Akkurat som når du klikkar på ein markør, blir lydopptaket spelt av, og detaljane blir viste i ruta under resultatlista.

Andre dømet:
Finna alle stadene i Fana og Laksevåg med «vik» eller «våg» i namnet.

Klikk først på Bergen - Fana i listeboksen over kommunar. Klikk så på Bergen - Laksevåg mens du held nede Ctrl-tasten. Då blir begge kommunane valde.

Skriv vik våg i feltet for normert form av stadnamn.

Kryss av for inneheld i radioknappane etter feltet, for å finna namn anten «vik» eller «våg» står i starten, i slutten eller inni namnet.

Klikk på knappen Søk.

Dette søket finn ganske mange namn. Systemet viser deg i første omgang dei 300 alfabetisk første funna.

Desse 300 funna blir viste med markørar i kartet.

Samtidig blir funna viste i ei resultatliste til høgre på skjermen. (Det er ikkje plass på skjermen til å visa alle 300 på éin gong. Du må bruka rullefeltet for å sjå alle.)

I resultatlista vil du sjå namn som har «vik» eller «våg» i starten eller slutten eller inni seg.

Zoom inn i kartet til ein stad du er spesielt interessert i, for eksempel Kalandseidet. Du kan zooma med å dobbelklikka på staden. Dobbelklikk heilt til du er kommen nær nok. (Når du klikkar, så pass berre på å gjera det i litt avstand frå markørane.) Sjå meir om zooming og panorering her og nedover.

Du er kanskje interessert i å sjå kva namn som generelt finst i dette området, ikkje berre dei du har søkt fram. Klikk då Ja for Visa framsøkte namn i kartet (til venstre under søkjeskjemaet).

Namnelappar kjem til syne attmed alle markørane. (Systemet vil no visa namnelappar i kartet heilt til du gjer neste søk.)

Slå av att namnelappane. Klikk då Nei for Visa framsøkte namn i kartet.

Du har alt sett korleis du kan få detaljar om staden du har klikka på, til å komma fram i ei rute under resultatlista. Viss du heller vil ha detaljopplysningane direkte i kartet, så kryss av Ja for Visa info-bobler (til venstre under søkjeskjemaet).

Klikk så på ein markør, og detaljane om staden blir viste i ei boble ovom markøren. (Systemet vil no visa informasjonsbobler heilt til du gjer neste søk.)

Informasjonsbobla blir vist òg når du klikkar i resultatlista. Viss du klikkar ein stad i resultatlista som ikkje er synlig i kartet,

vil kartet automatisk panorera (flytta seg) slik at staden og bobla blir synlig.

Du kan klikka deg frå stad til stad i resultatlista, mens kartet flytter seg og viser bobler. Den automatiske panoreringa kan vere ganske nyttig, men skjer altså berre når du har slege på informasjonsbobler.

Viss ei boble er i vegen, kan du lukka henne med eit klikk i krysset oppe til høgre.


Detaljert dokumentasjon

Søkjeskjema

Søkjeskjemaet finst oppe til venstre i skjermbiletet.

Sjå den øvste firkanten, med gul botn.

Skjemaet inneheld øvst ein listeboks der du kan velja kommune og vidare ulike felt der du kan skriva inn søkjeverdiar. Skjemaet endar med knappane Søk og Blank ut.

Bakom kvart felt står det radioknappar der du kan spesifisera om du søkjer på eksakt verdi eller noko anna. Merk at du ikkje kan bruka wildcard når du søkjer. Du kan for eksempel ikkje søkja på Søre* for å finna alle namna som startar på «Søre». Du må i staden søkja på Søre og kryssa av for startar med.

Det viktigaste søkjefeltet i skjemaet er det første, nemleg Stadnamn - normert form. Dei fleste brukarane vil klara seg med dette feltet og kommune-listeboksen. Dei andre felta krev meir kjennskap til data i databasen. Sjå Dei enkelte felta i søkjeskjemaet.

Søkjeskjemaet hugsar verdiane frå førre søket. (Men viss du tek Finn alle namna i kartruta, blir verdiane blanka ut.)

Vél kommune / kommunar

I kommunelisteboksen kan du snevra inn søket til éin eller fleire bestemte kommunar. I utgangspunktet er ingen kommunar valde. Når ingen kommunar er valde, blir det søkt på alle. Det finst òg eit eksplisitt val Alle øvst i listeboksen, som det enkelte gonger er praktisk å bruka.

For å velja meir enn éin kommune, held du nede Ctrl-tasten (på Mac: Command-tasten) når du vel den andre og tredje kommunen og så vidare. Viss du angrar på eit val, kan du klikka éin gong til med Ctrl-tasten nede. Då går valet bort att.

Fylla ut verdiar i søkjefelta (bortsett frå feltet for merknader)

Viss du vil søkja på ein eksakt verdi, skriv du verdien i søkjefeltet og krysser av for eksakt lik i radioknappane etter feltet. Eksempel: Eit søk i feltet Objektnummer på verdien M666 med avkryssing eksakt lik gir den staden som har nummeret M666 i Stadnamnsamlinga si interne nummerering av alle registrerte namnepunkt, nemleg Kjebotnen i Haukeland i Fana.

Viss du vil søkja på ein del av ein verdi, skriv du delen i søkjefeltet og kryssar av for kva del det gjeld - startar med, sluttar på eller inneheld. Eksempel: Eit søk i feltet Stadnamn - normert form på verdien foss med avkryssing inneheld gir stader som har «foss» ein eller annan stad i namnet, for eksempel «Fossabakken», «Almfossen» eller «Skyrfoss».

Søkja på fleire verdiar

Du kan søkja på fleire verdiar parallelt. Eksempel: Eit søk på aust øst i Stadnamn - normert form vil gi namn med anten «aust» eller «øst» i seg (eller namn som måtte innehalda begge delane). (Søket blir eit såkalla «eller-søk», der det er nok at éin av verdiane er til stades).

Søkja på verdiar med fleire ord

Merk at du må gjera noko spesielt for å søkja på verdiar som består av fleire ord, for eksempel namnet «Søre Bakkane». Viss du prøver å søkja på verdien Søre Bakkane med avkryssing på eksakt lik, vil søket mislukkast, for systemet vil leita etter namn som anten er eksakt lik «Søre» eller eksakt lik «Bakkane». Viss du i staden gjer same søket med avkryssing for inneheld, vil du rett nok finna det du leitar etter, men òg veldig mykje meir, nemleg alle namna som inneheld anten «Søre» eller «Bakkane». Løysinga er å søkja med hermeteikn - slik: "Søre Bakkane".

Du kan generelt bruka hermeteikn når du vil søkja etter verdiar med mellomrom i.

For eksempel vil eit søk på " " med avkryssing for inneheld i Stadnamn - normert form gi alle namna med mellomrom i, altså alle namna med to eller fleire ord.

Eit søk på "Søre " med avkryssing for startar med vil gi alle namna som startar med ordet «Søre», for eksempel "SøreBakkane». Navnet «Sørebøen» vil då ikkje bli funne.

Fylla ut verdiar i feltet for merknader

I feltet Ord i merknader blir det søkt på enkeltord. Eit søk på båt med avkryssing for eksakt lik, vil gi namn med merknader som inneheld det eksakte ordet «båt». Eit søk på båt med avkryssing for inneheld, vil òg gi namn med merknader som inneheld orda «båten», «båtstø», «robåt» og så vidare.

Viss du skriv fleire verdiar (ord) i feltet Ord i merknader, leitar systemet etter stader som har alle verdiane (eit såkalla «og-søk»).

I feltet Ord i merknader fungerer ikkje søk med hermeteikn. Du kan altså ikkje søkja etter bestemte sekvensar av ord.

Søkjeresultat

Når du har gjort eit søk, blir resultatet vist både som markørar i kartet og i ei resultatliste til høgre for kartet. I resultatlista kan du sjå sjølve namna, men i kartet kjem dei ikkje fram automatisk.

Viss søket gir meir enn 300 funn, deler systemet resultatet opp. I første omgang er det berre dei 300 første funna som kjem fram i kartet og i resultatlista til høgre. Men du kan klikka deg vidare 300 funn om gongen, med hjelp av lenker lengst nede på sida, under kartet.

Dette er analogt til søk med Google, som gir deg dei første 20 funna, men med moglegheit til å klikka vidare, 20 funn om gongen.

Funna kjem i alfabetisk rekkjefølgje, ordna etter normert form av namnet.

Resultatlista har avgrensa skjermplass, og sjølv om det kan vera inntil 300 funn der, er det ikkje sikkert du kan sjå alle utan å rulla.

Også i kartet kan det vera trengsel, med funn (markørar) som heilt eller delvis skjuler kvarandre. Du kan bli nøydd til å zooma for å sjå alle markørane.

Sjå på namn i kartet

I utgangspunktet blir kvart funn berre vist som ein markør i kartet. Viss du òg vil sjå namna i kartet, er det fleire moglegheiter.

Sjå eitt namn om gongen

Viss du held musepeikaren over ein markør i kartet, kjem det fram ein lapp som viser namnet på staden.

Viss du i tillegg klikkar på markøren, kan du få sjå ei informasjonsboble med både namnet og andre opplysningar. Men for at informasjonsbobla skal komma fram, må du først kryssa av Ja for Visa info-bobler.

Merk at visinga av informasjonsbobler ikkje varer, men slår seg av straks du gjer eit nytt søk.

Sjå alle namna

Viss du vil sjå namna som er knytte til alle markørane i kartet, kryssar du av Ja for Visa alle framsøkte namn i kartet.

Merk at visinga av alle namna ikkje varer, men slår seg av med ein gong du gjer eit nytt søk.

Sjå på namn i resultatlista

Dersom du fører musa over eit namn i resultatlista, blir namnet framheva. Viss du i tillegg klikkar på namnet, kjem det òg fram andre opplysningar om namnet - i den ruta som står i botnen av skjermbiletet, under resultatlista. Dette er dei same opplysningane som dei som står i informasjonsbobla.

Kopling mellom kartet og resultatlista

Kartet og resultatlista er kopla mot kvarandre. Viss du med musa gjer noko med ein markør, skjer det gjerne noko tilsvarande med namnet i resultatlista, og omvendt. Eksempelvis:

Viss du klikkar på ein markør, lyser namnet opp i resultatlista. Når det er nødvendig, rullar resultatlista slik at namnet blir synleg, og i ruta under resultatlista kjem det så fram detaljopplysningar.

Viss vising av informasjonsbobler er slegen på og du klikkar på ein markør eller eit namn i resultatlista, vil det komma ei informasjonsboble der markøren finst i kartet. Når det er nødvendig, panorerer kartet for at markøren og bobla skal bli synlege.

Visa framsøkte namn i kartet

Under sjølve søkjeskjemaet står det to ruter med aktuelle tilleggsval. Den første ruta heiter Visa alle framsøkte namn i kartet.

Viss du her kryssar av Ja, kjem det fram namn attmed alle markørane i kartet.

Viss dei framsøkte namnepunkta står tett, vil namneetikettane overlappa kvarandre. Men sia dei er delvis gjennomskinlege, vil dei gjerne ikkje skjula einannan fullstendig.

Merk at visinga av alle namn ikkje varer, men slår seg av med ein gong du gjer eit nytt søk.

Info-bobler

Den andre ruta heiter Visa info-bobler.

Viss du her kryssar av Ja, vil systemet kunna visa «informasjonsbobler» i kartet. Klikkar du då på ein markør eller eit namn i resultatlista, vil det i kartet komma ei info-boble over namnemarkøren. Når det er nødvendig, panorerer kartet for at markøren og bobla skal bli synlege. Bobla inneheld dei same opplysningane som detaljruta under resultatlista. (Det blir berre vist éi boble om gongen.)

Merk at visinga av info-bobler ikkje varer, men slår seg av straks du gjer eit nytt søk.

Merk òg at info-bobla somme gonger kan komma i vegen for klikkinga. Det gjeld ikkje berre det som sjølve bobla skjuler, men òg eit område rundt spissen til bobla. Når du vil klikka på eit namnepunkt her, bør du difor først lukka bobla.

Finna alle namna i kartruta

Viss du har zooma inn på eit mindre område, kan du av og til ønskja å sjå kva namn som elles finst i området. Det kan for eksempel henda at du har gjort eit søk og har zooma inn til eit mindre område med berre nokre av dei framsøkte namna, og at du så ønskjer å sjå kva andre namn som finst i området. Då kan du bruka knappen Finn alle namna i kartruta. Klikkar du denne knappen, blir det gjort eit spesielt søk som finn alle namna innanfor det raude rektangelet i kartruta.

(Du vil her ikkje sjå forskjell på dei opphavleg framsøkte namna og dei nye som Finn-knappen fann.)

Merk at Finn alle namna i kartruta blankar ut det vanlege søkjeskjemaet øvst på sida.

Kartfeltet

Når du har søkt, blir funna viste som markørar i kartet. Systemet zoomar automatisk inn til det området der stadene ligg.

Du kan etterpå sjølv zooma og panorera kartet.

På grunn av arbeidsmåten ein nytta då namna vart samla inn, vil nokre namn vera representerte to eller fleire gonger. I innsamlinga vart det brukt øko-kart i papirform, og ein del namn på stader som finst i kantane på desse karta, er registrerte fleire gonger.

Digitalkartet er eit topografisk kart som er levert av Statens kartverk. Sjå Kartet.

Kartteknologien elles er henta frå Google Maps. Viss kartsørvaren til Statens kartverk sviktar, eller sambandet er tregt, vil du kunna sjå Google Maps sitt vegkart i staden. Dette ligg i botnen heile tida.

Viss du er vane med å bruka Google Maps, veit du òg litt om korleis du brukar kartfeltet.

Panorering

Du panorerer med å trykkja ned museknappen over kartet, og dra kartet i ønskt retning, mens du held knappen nede.

Musemarkøren skal då vera ei opa hand . Viss du ser noko anna enn ei hand, står truleg musemarkøren ein annan stad enn på sjølve kartet, for eksempel på ein markør. (På somme maskiner eller i enkelte nettlesarar vil musemarkøren for panorering bli vist som eit anna symbol.)

Zooma inn

Du kan zooma inn med å klikka på knappen oppe i venstre hjørna av kartet. Du zoomar då inn mot eit punkt midt på kartet. Kvar gong du klikkar, får du dobbel forstørring. Viss du vil zooma raskare, kan du dra knappen fleire trinn opp mot .

I Google Maps kan karta ikkje zoomast trinnlaust. Alt føregår i trinn på 2.

Vil du zooma inn mot eit bestemt punkt i kartet, gjer du det best med å dobbelklikka på punktet i kartet. Kvar gong du dobbelklikkar, får du dobbel forstørring.

I Google Maps kan du ikkje zooma inn med å trekkja opp eit rektangel på skrå med musepeikaren, slik som du kan i nokre andre kartsystem.

I enkelte applikasjonar som er laga med Google Maps, kan du zooma inn med hjelp av muse-hjulet, men ikkje i denne.

Zooma ut

Du zoomar lettast ut med å klikka på knappen oppe i venstre hjørna av kartet. Kvar gong du klikkar, får du halv forstørring. Viss du vil zooma raskare, kan du dra knappen fleire trinn ned mot .

Du kan òg zooma ut med å høgre-dobbelklikka i kartet, men dette kan vera litt klønete å få til.

Du kan ikkje zooma ut med hjelp av muse-hjulet.

Kartet

Kartet blir levert frå ein sørvar hjå Statens kartverk. Det er eit såkalla topografisk kart, noko som tyder at det har som hovudfunksjon visa landskapsformene på staden.

Namn som er trykte på kartet

I applikasjonen kan du søkja etter namn som ligg i ein database. I tillegg inneheld kartet sjølv ein del «påtrykte» namn, men desse er ikkje ein del av søkjesystemet. Namna i kartet gjeld oftast større lokalitetar. Desse namna er samla inn av Statens kartverk, mens dei fleste namna i søkjesystemet, som då i hovudsak gjeld små lokalitetar, er samla inn av Stadnamnsamlinga på Universitetet i Bergen. Det er Statens kartverk som er ansvarleg for skrivemåten av dei «påtrykte» namna.

Dersom Statens kartverk sin sørvar har problem med å levera, vil du sjå Google Maps sitt vegkart i staden. Dette ligg i botnen av kartruta heile tida (så sant Google Maps sine sørvarar er leveringsdyktige).

(Kartet blir levert i kvadratiske delar, mest som flisane på eit badegolv. Kvar flis krev litt tilretteleggingsarbeid på sørvaren, men når ei flis først er blitt tilrettelagd, blir ho levert raskare neste gong.)

Merk at det er mogleg å zooma inn for langt. Zoomar du inn til dei aller høgaste forstørringane, blir det ikkje levert noko topografisk kart, og du ser berre Google Maps sitt kart.

Lyd

Det er knytt ei lydfil til dei fleste tilgjengelege stadnamna. I lydfilene blir namna uttalte i tråd med det nedarva talemålet på staden.

For å høyra på ei lydfil, klikkar du på markøren til namnepunktet eller på namnet i resultatlista. Du kan òg klikka på lenka Lyd som finst i detalj-ruta og i info-bobla.

Lyden fungerer i Internet Explorer og Firefox, men ikkje i Chrome, Opera og Safari.

Internet Explorer har ein veikskap som gjer at den første lyden du spelar av på ei nettside, kan bli kappa. Det hjelper å spela lyden på nytt.

Merk at det nemnde problemet kan melda seg etter kvart søk, for i applikasjonen blir nettsida lasta på nytt for kvart søk.

Viss du ikkje høyrer lyd i det heile, er det mest sannsynleg eit problem med innstillingane på maskina di eller med nettlesaren som blir brukt.

Fargar og typografi i resultatlista, detalj-ruta og info-bobla

I detalj-ruta og info-boblene står først den normerte namneforma (med raud skrift), vidare oppskrivaren si namneform, «uttaleforma» som er notert i originalmaterialet (mellom skråstrekar), namnet på oppskrivaren, ID-nummeret, objektnummeret (med lyseblå skrift), kommunenamnet og -nummeret, eventuelle opplysningar om namnet og staden, koordinatane og til slutt den tilhøyrande lydfillenka.

I resultatlista står berre nokre av desse opplysningane, men med same fargane og typografien.

Dei enkelte felta i søkjeskjemaet (databasen)

Søka føregår i ein database. Databasen inneheld data for dei ulike felta som du kan sjå i søkjeskjemaet (pluss nokre felt som er heilt skjulte og som ikkje er søkbare). Kvaliteten på dataa varierer ein del. For nokre av felta manglar det delvis data. Her er ein status for dei enkelte felta:

Normert form

(med raud skrift i resultatlista og elles)

Alle namna er skrivne med normert form, det vil seia at dei har fått ein skrivemåte som er i tråd med dei reglane som seier korleis stadnamn skal skrivast i offentleg samanheng. (Reglane har basis i Lov om stadnamn.) I resultatlista, i detaljopplysningsfeltet og i informasjonsboblene er det dei normerte namneformene som står først, med raud skrift.

Oppskrivaren si form

(med svart skrift i info-boblene og i detaljopplysningsfeltet)

I alle namnepostane er det lagt inn dei skrivemåtane som oppskrivaren har brukt på dei originale namnelistene. Desse namneformene står med svart skrift i resultatlista og i feltet med detaljopplysningar.

Stadnamn - alternativ form

I nokre få tilfelle har oppskrivaren notert alternative namneformer. Desse er då òg søkbare i basen.

"Uttaleform"

På dei namnelistene (papirlistene) som er lagde til grunn for basen Hordanamn, har oppskrivarane som regel skrive namna nokolunde i tråd med den lokale uttalen. (Sjå feltet Oppskrivaren si form.) Enkelte oppskrivarar har i tillegg ført opp meir eksakte uttaleformer til dei einskilde namna, men ein må her merkja seg at det ofte er nytta eit teiknsett som ikkje stettar strenge faglege krav for attgjeving av uttaleformer. «Uttaleformene» er som oftast innleidde med ein apostrof eller eit hermeteikn. Apostrofen markerer hovudtrykk el. einstavingstonelag. Hermeteiknet kan markera tostavingstonelag, men når det står eit hermeteikn òg på slutten, er det ikkje meint å vera noko anna eit hermeteikn.

Ord i merknader

Ein del namnepostar inneheld merknader som seier noko om sjølve namnet eller om staden det er knytt til. På nettsida er det mogleg å søkja på einskildord som kan tenkjast å vera med i merknadsfeltet. Det må seiast at det er ganske vekslande kvalitet på det som står i dette feltet.

ID-nummer

Alle stadnamna som Universitetet i Bergen (UiB) har registrert i namnebasen sin, er tildelte eit unikt ID-nummer. (Ein del av UiB-namna er ikkje plasserte på kart, og desse namna er då ikkje gjorde søkbare i basen Hordanamn.)

Objektnummer

Alle kartplasserte namn har eit unikt objektnummer. (Første delen av objektnummeret til UiB sine namn er identisk med det aktuelle kartnummeret (ØK-nummeret), mens sistedelen er sjølve namnenummeret som då finst både på namnelista og på kartkopien.)

Kartnummer

Kartnummeret er det offisielle nummeret til det einskilde kartet. (På såkalla «økonomiske kart» (ØK), som då er nytta mest i arbeid med namneinnsamling, finst kartnummera i nedre høgre hjørnet.)

Kommunenummer

I kvar einaste namnepost er det offisielle nummeret til den aktuelle kommunen lagt inn.

Kommunenamn

I alle namnepostane er kommunenamnet lagt inn. (Jamfør med den kommunelista som finst øvst oppe til venstre på søkjesida.)

Gardsnummer

Ein god del namnepostar inneheld referanse til det offisielle (matrikkelførde) nummeret på den garden der namnet høyrer heim. (For nokre kommunar er det enno ikkje lagt inn gardsnummer. Her vil det då vera nyttelaust å bruka gardsnummer som søkjekriterium.)

Informant

I kvar post er det ført opp namnet på den heimelsmannen eller -kvinna som har komme med namneopplysningane. (I det aktuelle feltet er oftast òg fødselsdatoen (evt. berre fødselsåret) notert.)

Oppskrivar

I alle namnepostane er det nemnt kven det er som har gjennomført feltarbeidet og skrive opp namna.



Øystein Reigem, Uni Computing

Kjell Erik Steinbru, Stadnamnsamlinga, LLE, UiB

2012-08-20


Til hovudsida